Med ein fridag, og første søndag i advent til helga, hadde eg tenkt å bruka dagen til litt baking.
Starta friskt ut med salte mandler, dobbel porsjon. Disse er kjempegode, og veldig enkle å laga. Kanskje ikkje heilt baking, men hos oss er disse med til jul 🎄
Legger ved oppskriften eg bruker på disse 😊
Potetmelstopper kom også i ein boks. Dette er julekjeks som både mormor og mamma laga kvar jul.
Dei flotte kakeboksane er kjøpt inn i år hos Selskapshuset på Stord.
Lyse kakemenn……. deigen blei laga og skulle ligge kaldt i to timer……
Dermed ramla eg ned i ein stol med strikketøyet, og alt om baking var gløymt 😄 deigen ligger fortsatt kaldt…….. 😄
Men gløymte ikkje å smaka på potetmelstoppane, smakte nyyyyyyydelig med et glas kald melk til.
Ja, ja, får satsa på at det blir kakemenn i måro då…….