Fridag og baking.

Med ein fridag, og første søndag i advent til helga, hadde eg tenkt å bruka dagen til litt baking.

Starta friskt ut med salte mandler, dobbel porsjon. Disse er kjempegode, og veldig enkle å laga. Kanskje ikkje heilt baking, men hos oss er disse med til jul 🎄

Legger ved oppskriften eg bruker på disse 😊

Potetmelstopper kom også i ein boks. Dette er julekjeks som både mormor og mamma laga kvar jul.

Dei flotte kakeboksane er kjøpt inn i år hos Selskapshuset på Stord.

Lyse kakemenn……. deigen blei laga og skulle ligge kaldt i to timer……

Dermed ramla eg ned i ein stol med strikketøyet, og alt om baking var gløymt 😄 deigen ligger fortsatt kaldt…….. 😄

Men gløymte ikkje å smaka på potetmelstoppane, smakte nyyyyyyydelig med et glas kald melk til.

Ja, ja, får satsa på at det blir kakemenn i måro då…….

Buss og strikketøy fra by til by.

I helga var eg og strikketøyet på farten fra by til by med buss.
Syns det er ein strålande flott måte å komma seg fram på, og så slepp eg å leita etter parkering når eg er komme fram.
Når ein ikkje kjører sjølv så får ein jo strikka litt underveis også.

Det er mange ulike personer som tar disse bussane som går mellom byane rundt omkring i Norges land, og på ein busstur som tar nåken tima, så får ein med seg litt av det som skjer rundt seg.
Eg blir litt forundra over kva folk kan lira av seg i full offentlighet.
Kom til å tenke på litt av det eg har fått med meg på dei ulike bussturan mine…..

Det er han som har vore inne til ein liten justering rundt dei «edlere deler», og som snakker ivrig i mobilen, og kan meddele den i andre enden «at alt virka fortsatt som det skal».

Det er den eldre damen som irriterer seg over den muntre klubbgjengen som kommer på, og som skal ha ei helg uten mann og barn.
Klart dei er taletrengte og ler på både høgt og masse.
Men kom igjen når telefonen til den eldre damen ringer, ja så er det greit å snakka både høgt og lenge.

Det er damen som feier inn på bussen med er sky av tung parfyme.
For min del, og sikkert mange andre, betyr det hodeverk og kvalme.

Det er røykerane som stresser ut kvar gong det er mulig å få tatt ett drag og to av røyken, med dertil stinkende lukt for dei som er uheldige å dele sete med ein slik.

Det er den unge mammaen som blir stressa av babyen som grin, og sikkert livredd for at nåken av dei andre passasjerane skal komma med kommentarer.
Den situasjonen har vel fleire vore borti, både på fly og andre offentlige transportmiddel.
Ikkje så lett å tilby seg å hjelpa heller der ein sitt fastspent i kvar sitt sete.

Det er ungdommen som ramler ned i sete med øyreklokker som parabolantenner, og som sikkert må vera halvveis tunghørte på begge øyre, siden dei i sete framfor og bak dei også får høyra på musikken som dunker ut i klokkene.

Det er den unge mannen som blir oppringt om et lån han har søkt, og der han må ha meir sikkerhet, så kjæresten overtar telefonen og deler fødsels og personnummer, inntekt, gjeld og arbeidsgiver med alle som vil, og ikkje vil, høyra.

Det er den viktige bissniss typen som underholder alle med den viktige telefonsamtalen sin som varer over flere mil med kjøring.

Det er dei som på død og liv skal snakka med deg som om dåke har vore bestevenner siden barnehagen berre fordi dåke deler sete, når du helst vil sitte i fred og slappa av trøtt etter ein dag på møter.

Men alt i alt ein flott måte å reisa på, og kanskje eg og skal få meg parabolantenner, med ei spennande lydbok på øyrene neste gong.

Ps. Stripesjalet blei ferdig, og ei Oslolue blei påbegynt underveis

Stripesjal.

Høstferie 2019

Proviant 👍😉
Regn ingen hindring
Burde hatt vindusviskere på brillene…..

Høstferie 2019.

Pakka garn, datter og pakkenelliker i bilen på torsdag for ei langhelg på hytta vår i Sauda.

Me har hatt hytte der i mange år, og siste året har me tilogmed hatt strøm!!!! 😉 luksus 😄😄tidligare hadde me solcellepanel og gass.

Fortsatt ikkje fått innlagt vatn, men syns det er heilt greit at det er annerledes å vere på hytta enn å være heime.

Siden me no har strøm, så «flotter» me oss med PC og filmer på DVD. Prøvde å overtale datter til å strikke mens me såg på film, men var ikkje heilt mottagelig der 😀 Ho kan strikke om ho vil, strikka seg genser når ho var 11 år.

Det har regna heile helga, men med fekk oss ein tur i fjellet lørdag. Ikkje så lang tur, for det var tåke og regn. Var likevel godt med ein tur ut.

Klarte å strikka to, nesten tre, Osloluer i løpet av helga. Og har fleire som vil ha, så her er det berre å klora seg fast i pinnane.

Eg strikker dei i to tråder Flora fra Drops etter anbefaling fra strikkebutikken, siden det anbefalte garnet ikkje er i salg her.

Syns det er viktig å støtte lokale butikker, så det er kun et fåtall ganger eg har bestilt garn på nett.

 

 

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.